Posts filed under ‘DET HEV EI ROSE SPRUNGE’

DET HEV EI ROSE SPRUNGE

Lyrics .no
Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann,
som fedrene hev sunge
av Jesse rot ho rann.
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnatts tid.

Um denne rosa eine er
sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivsnatt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag.

December 11, 2010 at 3:15 pm Leave a comment


Categories